Dagen om
natta er ein roman om det å vera annleis og utstøytt, men det er samstundes ei
hylling til fantasien og draumane. Ingebjørg Nilsdotter Vatne, ei ung, vakker og
livleg jente, opplever den store kjærleiken i livet, Jakob. Dei planlegg
bryllaup då det tragiske hender, Ingebjørg blir spedalsk. Jakob vil ikkje vita
av ho meir, og ho blir meir og meir isolert frå andre folk. Men Ingebjørg lever
dagen sin om natta.
Berit Vatne Vik er fødd 1933 i Seim i Nordhordland. Ho har gjeve ut sju
romanar. Dagen om natta er bygd på slektsoga til forfattaren.
«Les den og bli rørt til tårer og tenk på alle
de usynlige bøkene som kommer ut midt i flommen av bestselgere. Grufullt og hjerteskjærende er det, men samtidig
så uendelig vakkert beskrevet.»
ANNE B. RAGDE
«Berit Vatne Vik brukar akkurat passe med ord, passe lange setningar. Passe
luft. Slik at ein kan dikta seg inn i historia, landskapet. Nøkternt, poetisk,
pregnant.»
ARNT BIRKEDAL