Sidan
debuten i 1966 har Åse Lilleskare Faugstad gjeve ut lyrikk og
noveller, både eigne dikt og gjendiktingar frå andre språk. Til saman 15 bøker. Årets
bok, Sjeler som flyr med
undertittelen Eit
forfattarliv, er ulik desse bøkene. No ser Åse tilbake på livet som
skrivande menneske. Det er ei erindringsbok delt inn i fem bolkar;
med ulike sjangrar – tankar, minne, essays, slektshistorie og
noveller.
Boka gjev innsikt i forfattaren sitt arbeid, tankar om det
å skriva, og kva betydning familie og heimstaden har hatt ut frå
perspektivet til ein eldre vestlandsforfattar. Boka vil treffa heime både hjå bokelskarar, litteraturinteresserte og lokalhistorisk interesserte.
Tekstane er av
ulik lengd og talar til alle som reflekterer over livets gang. Forfattaren deler raust tankar rundt alderdom og død. Dette er ei bok til å bli klok av.
Her er
minne om år og menneske som forma ei ung jente – og trådar
tilbake til dei som trakka stiane opp før henne i slekta. Åse skriv
nært og innsiktsfullt om liv og lagnad i små grender langs fjorden.
I bolken med slektshistorie står slekta frå Fossmark sentralt. I
bolken «Minne» er det mest oppvekstskildringar frå Dale. Desse to
bolkane er rikt illustrerte med bilde av slekt og bygdefolk i alle
aldrar. Mange med litt grått i håret vil kjenna igjen personane som
er omtalt og avbilda. Ja, ein del vil jamvel kjenna att seg sjølv.
Boka skildrar også møte med forfattarar i inn og utland og gjev
innblikk i eigne og andre sine skriveprosessar.
Boka har over 130 fotografi henta frå dei gamle
familiealbuma til Åse Lilleskare Faugstad. Mange av desse har stor
lokalhistorisk verdi, og langt dei fleste har aldri vore publiserte
tidlegare. Utgjevinga er støtta av Vaksdal Historielag.