Leirfuglen Forlag

Leirfuglen Forlag er eit forlag drive av Bjarte Vik. Forlaget har base i Lonevåg på Osterøy. Nynorske kvalitetsbøker er det Leirfuglen satsar på. Forlaget gjev ikkje ut mange titlar kvart år. Eit overordna prinsipp er at forlagssjefen berre engasjerer seg i prosjekt han synest det er moro å jobba med. Slikt blir det gode og gjerne litt spesielle bøker av.

Bjarte Vik har jobba som lektor ved vidaregåande skular i mange år, men hoppa av tredemølla for å følgja draumen om å bli forfattar og gje ut eigne og andre sine bøker. Han var redaktør for 100 års jubileumsboka til Osterøy IL i 2018, og har seinare skrive fleire lokalhistoriske oppdragsbøker. Mange kjenner nok Bjarte som langdistanseløpar og friidrettstrenar.  

Leirfuglen Forlag har fått namn etter debutboka til Berit Vatne Vik - mor til forlagssjefen. I ein alder av 66 år debuterte Berit på Samlaget med Leirfuglen i 1999, og ho har gjeve ut åtte bøker. Tre bøker er gjevne ut på Leirfuglen. Siste roman ut er den vakre og gripande Dagen om natta.

Følg Leirfuglen på Facebook og Instagram:
https://www.facebook.com/leirfuglen/