Denne praktboka vil passa for alle med korps- eller lokalhistorisk interesserte frå Osterøy. Boka er på 288 sider og har over 300 foto og illustrasjonar. Gratis frakt ved direkte levering, med post kjem det 150 kr i tillegg.
Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen
Design: Frank Modahl Grafiske
Gjennom
100 år har Haus Musikklag skapt begeistring og nådd inn til
menneskehjarta - i glede og sorg, i høgtid og lettliva fest. Først
Mjeldalen Musikklag, sidan også Vatle Musikklag, har sett farge på
det kulturelle livet i bygdene våre - ja, langt utanfor dei også. No er det over femti år sidan laga fann ut at dei stod sterkast saman.
Korpsmiljøet har vore ein viktig kulturformidlar, spreidd glede,
skapt høgtid og inspirert unge og eldre til å bli glade i musikk.
Og nettopp denne oppgåva låg også nedfelt i føremålsparagrafen
frå 1922 - «aa
vekkja og nøra sansen for god musik, og gjennom det for alt gjævt
og godt».
Når noko skal markerast i ei bygd, tyr ein ofte til det
lokale korpset. Musikklaget har vore limet i bygda. Det merkast når
det er borte. Heldigvis er det i høgste grad ein oppegåande og
vital hundreåring som blir feira med dette bokverket. Aldri har vel
korpset vore betre enn no.
Det
skriftlege kjeldematerialet har vore godt og til stor hjelp, sjølv
om det er nokre hol. I lagsarkivet finn ein møteprotokollar heilt
frå starten i 1922 med møtereferat og årsmeldingar. Mykje godt
lesestoff som til fulle viser kor viktig det er med gode skrivarar i
det frivillige lagslivet. I over 20 år var alle lagsbøkene lagra i
musikkrommet i Haus skule. Men
så vart det bestemt at alt skulle oppbevarast i ein bankboks. Det
var ei stor lukke, for i mai 1993 brann skulen ned til grunnen.
Musikklaget mista alt det hadde oppbevart her, men bøkene - som
ikkje kan kjøpast for pengar - låg då trygt i ein bankboks.
For mange hausingar er boka reine slektskrøniken, men forlaget håpar og trur at mange kulturhistorisk interesserte ostringar, også frå andre bygder, vil skaffa seg dette bokverket.