Dikt
og songar du aldri har høyrt på radio er
debutboka til Trond Lohne (66).
Som
lesar får du
seksognitti
sterke sider med hundre prosent ekte vare. Her er alvor og skjemt i
god blanding med ein solid dose lokalkoloritt. Boka er
eit salig samansurium av livsfilosofi og åndelege tema, politikk,
kultur, arbeidsliv, fotball, festing og jamvel endå meir pikante og
saftigare saker. Enkelte dikt er på grensa til nynorsk
smusslitteratur – noko ein sjeldan får kjøpt over disk her til
lands.
Fremst
i boka står eit portrett av diktaren. Jo Are Vik skriv overraskande
lite om dikting og desto meir om fotball og felles oppvekst i Lonevåg
på syttitalet. Boka er illustrert med foto frå den tida verda var i
svart kvitt.
Fraktfri levering til Osterøy. Skriv om du ønskjer signert eksemplar.