Dag Inge Leiren: SANDFLÅTEN

Lanseringstilbod: Fri frakt!

Dette er ei praktbok på 288 sider i stort format 21x27 cm, og boka er rikt illustrert med gamle og nye foto av stor kulturhistorisk verdi - ikkje minst mange flotte foto av fotografen Helge Sunde.    

Om boka: Ein flåte av fraktebåtar lasta til ripa med singel og sand – det gråe gullet. For folk langs Osterfjorden var dette sjølve livsnerven frå 1870 og utover. I velmaktsdagane kunne fjordstrilane skilja dei ulike sandskutene berre på lyden av dei taktfaste dunka frå maskina.

I dette praktverket tek Dag Inge Leiren oss med på ei nær komplett reise gjennom sandfartøya si historie i Osterfjorden. Han presenterer heile 191 fartøy kronologisk frå 1900 og fram til i dag. Boka følgjer kvar båt «frå vogge til grav» gjennom skiftande eigarar, nye namn og heimehamner langs vår langstrakte kyst. Her er både kvardagar og dramatiske forlis. Felles for alle fartøya er fartstid i Osterfjorden, men folk langs heile kysten vil finna att kjente og kjære båtar frå ei svunnen tid.

Boka gjev eit viktig innblikk i sandfrakta og rommar òg ei rekkje personlege historier, sitat, dikt og songar.
Dette er ei skattkiste for alle som er glade i skipsfartshistorie og vår nære fjord- og kystkultur!

Om forfattaren: Dag Inge Leiren (f. 1973) vaks opp på Stamnes med djupe røter i sandfartsmiljøet. Han har samla inn historisk materiale og bilde gjennom fleire tiår. Leiren gav i 1993 ut boka "Fraktebåtane i Stamnes 1901-1993". 

Sjekk også ut fjorårets bok, SANDFOLKET av Inge og Jarle Kallestad! Dei to bøkene Sandfolket og Sandflåten utfyller kvarandre på beste vis! Torbjørn Rørvik har stått for bokutforminga også i år, og med han på laget blir det ein fest å bla i bøkene. Med desse utgjevingane er svært viktig nærings- og kulturhistorie teken vare på for ettertida. Ta gjerne kontakt på leirfuglen@online.no viss du ønskjer å avtala foredrag med ein eller fleire av forfattarane.       


kr 449,00