Denne boka er ei reise
gjennom hundre år med idrett, friluftsliv og leik nord på Osterøy.
Reisa byrjar med det som førte fram til skipinga av Mjøsdalen IL og
går heilt fram til hausten 2024. Me følgjer utviklinga frå
myrfotball til kunstgras, frå 18 mm lange piggar på ein steinete
Kossdalsveg – til blått dekke på Fotlandsvåg Arena. Frå kalde
vintrar med merkerenn, skøyteløp og risikofylt skihopping – til
treningsleirar i Syden og springing på spretne karbonsko. Og korleis
var det eigentleg å veksa opp på bygdene i ei tid då ungane fann
på mesteparten av moroa sjølve?
Boka er rikt illustrert med foto
frå albuma til dei som var med på all moroa. Idrettsgleda går som
ein raud tråd gjennom boka. Me
har `kje meir moro enn me laga da sjøl!
Boka er i stort format, er på 336 sider og har 440 foto og illustrasjonar.