Intervju med Berit Vatne Vik
Hausten 2003 sende Bergen bibliotek ut ein serie
spørsmål til forfattarar frå Vestlandet.
Her er intervjuet med Berit Vatne Vik:
Korleis ser
arbeidsdagen din ut?
Eg jobbar
best i grenselandet mellom søvn og vaken tilstand. Då ser eg det som skal
skrivast. Difor er eg alltid søvnig om morgonen, og kjem seint i gang med alt
som må gjerast i ein manns hus. Å få tekstane ned på papiret går litt i rykk og
napp når alt anna arbeid er gjort. Seine kveldar. Eller: Eg sopar av bordet og
skrik: NO SKRIV EG!
Kva er
bakgrunnen din?
Eg lærde
bokstavane i 5-års alderen og byrja med ein gong å formidla eit eller anna. Var
"skåpskrivar" i to mannsaldrar før det gjekk opp for meg i all si gru at eg
måtte ARBEIDA med saks.
Litterær
tradisjon?
Eg har lyst
til å formidla noko som gjer verda betre! Så eg trur nok at eg tilhøyrar den
tradisjonen der forfattaren vil "forandre verden". Har alltid vore tiltrekt av
historie og naturen, og har nok snakka litt med Sagalitteraturen, særlig
Snorre. Elles har eg hatt mykje glede av å lesa bøkene til Amalie Skram, Kinck,
Duun og Vesaas, og tek gjerne mot gode råd frå dagbøkene til Olav H. Hauge.
Kva er det som driv deg til å skrive?
Å skriva
var liksom det eg skulle gjera her i livet.
Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?
På Shetland
våren 2000 - då eg skulle sjekka at det som stod i manuskriptet til Reise med vinden stemde. Å kjenna på
kroppen at her hadde hovudpersonen min vore, og her hadde han ikkje vore. Til
slutt trudde eg at han hadde levd. Eg såg han springa over torvmyrane medan
bussen eg sat i køyrde nordover mot Tingvollo.
Biografi og minne i egen skriving?
Desse tre
første bøkene mine er historiske forteljingar, der eg har halde meg i
skjeringspunktet mellom sanning og løgn. Til dømes hadde hovudpersonen i dei to
bøkene om Gudrød Gudrødson ei historisk farsslekt og ei oppdikta morsslekt.
Landskap og tid må vera nokolunde truverdig. Tre år for seint har eg i 2003
vore på Orknøyane og sjekka at alt stemde i bok nr. 2. Så no er eg endeleg
ferdig med den. Det er viktig for meg at det som skal vera sant, er sant. Og
når eg lyg, skal lesaren tru det også. Min eigen biografi brukar eg ikkje, anna
enn i nokre barneforteljingar som ingen forleggjar vil gje ut. IDagen om natta har eg brukt historia om
den spedalske søster til oldermora mi. Har bruka rette namna på personar som
levde då, og ymse hendingar og minne i slekta. Men det aller meste har eg
skrønt saman så sannferdig det let seg gjera. Eigne "minne" har eg helst brukt
i skildring av naturopplevingar.